Thanks to visit codestin.com
Credit goes to no.player.fm

TRU offentlig
[search 0]
Mer
Download the App!
show episodes
 
Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. [email protected] Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å ...
  continue reading
 
Artwork

1
FINNurlig metode

Bente Mari Kristiansen og Bjørn Henrik Vangstein

icon
Unsubscribe
icon
icon
Unsubscribe
icon
Månedlig
 
Podcast om FINNs metodikk og ledelse. Målstyring, fart & flyt (effektive prosesser), ledelse, problemløsing og andre temaer knyttet til innovasjon, smidige (agile) metoder, lean og kontinuerlig forbedring. Bente Mari Kristiansen og Bjørn Henrik Vangstein har jobbet med lean, smidig, målstyring og kontinuerlig forbedring som lean-eksperter i FINN siden 2006. Gjennom prøving og feiling har de fått bred erfaring fra både vellykket (og mindre vellykket) bruk av lean- og smidig-metodikk innen tek ...
  continue reading
 
Loading …
show series
 
Er det mote i døden? Ja, det ser sånn ut når vi følgjer gravskikken gjennom siste 10 000 år. Ein gravhaug er vel eingravhaug, og ei gravrøys er vel ei gravrøys? Nei, så enkelt er det nok ikkje. Kva ville du valt? -Med eller utan fotgrøft? Med bautastein? Kanskje stjerneforma steinlegging? På eit nes der alle som fór i båt kunne sjå deg? Eller på hø…
  continue reading
 
Kva er eit vikingskip, eller ei stavkyrkje? Det er kanskje ein kopi av eit skip frå vikingtida, eller ei kyrkje frå … stavtida. Nja. Når vi ser nærare på det, så er det komplisert på mange måtar. Det skal vi grava oss ned i her. Kor sanne er skipa som står oppstilte på Bygdøy? Kor lite kan du ha bevart for å kunne rekonstruere noko? Er det nok at s…
  continue reading
 
Mesopotamisk religion er den eldste vi har fyldige kjelder til – det er i dagens Irak og tilgrensande strøk i vest. Kva slags religion hadde folk for så lenge sidan? Var det som kristendomen, eller meir som vår førkristne religion her i Norden? – eller til og med som i folketrua vår? Var det sterke gudinner eller dominerande mannsgudar? Var det gud…
  continue reading
 
Orknøyane og Shetland var heilt norskspråklege i mellomalderen, som andre norske landsdelar. Språket måtte vike for engelsk på 1700-talet, men mange norrøne ord har overlevd i engelsken til moderne tid, og mykje norrøn folketru har overlevd – ofte knytt til norrøne nemningar. I denne episoden skal vi sjå på korleis tradisjonen om haugbuen og innbro…
  continue reading
 
Kor gamle er gardsnamna våre? Klarer vi å kople gamle gardsnamn saman med arkeologiske data om dyrking på staden? Tja. Ideen om urgarden som ein vedkubbe som vart kløyvd opp i mindre og mindre bruk, som vi kan sjå i namnematerialet – den har fått hard kritikk frå arkeologar, og er problematisk. Men kanskje kan vi berge ideen likevel, i ein kombiner…
  continue reading
 
Kva rører seg i hovudet på han som står bak denne podkasten? Det dreiar seg om mykje rart, frå salsadansing til nordlandsbåt, via Odin, plantenamn og sans for praktisk arbeid. Og ein del tankar om forskingsmetode og korleis livet kan brukast. Gry klarte å lokke Eldar til å bli med på denne episoden, der han er gjest.…
  continue reading
 
Korleis har folk tenkt om orientering og landskap når dei har fare med båt langs kysten vår gjennom tusenvis av år? Alle gamlingane er døde, men mange stadnamn har overlevd sidan urgammal tid, og når vi ser dei i samanheng med landskapet, som framleis er det same, så kan vi seia ein heil del – om guddomleg nyttige landemerke, guddomleg gode hamner …
  continue reading
 
Ifølgje vanleg oppfatning er fallossteinar ein funntype frå eldre jarnalder, som symboliserer potens, fordi dei er forma som erigerte ….. øh, … ja. I Sverige blir den same gjenstandstypen rekna som kuleforma og tolka som symbolske … brødkorger. Tolkingstradisjonen legg tydelegvis sterke føringar for kva ein ser i materialet. Går det an å koma lenge…
  continue reading
 
Kva slag prinsipp la dei vekta på, dei som utforma dei eldste lovene våre? Kva såg dei som det verste ein kunne gjera? Kva var ikkje så farleg? Kva stilling gav lovene kvinner? Kor tidleg juss har vi vitnemål om? Korleis oppstod lovene? Vart jussen mykje endra av kristninga? Dette, og meir til, får du høyre om i denne episoden.…
  continue reading
 
Vi veit vel mykje om norrøn mytologi? Tja, kanskje er det heller slik at vi veit litt, om dei viktigaste figurane. I dag skal vi snakke om nokre vi berre ser avtrykk av i kjeldene, eit fotspor eller to. Vi ser holet, der det ein gong har stått eit mytekompleks. Dette frustrerer, men kanskje får det oss til å sjå klårare kva tolkingsarbeidet går ut …
  continue reading
 
I gammal tid var lyden i landskapet viktig. Folk utnytta lyden som berre var der, og dei utnytta landskapet til å skapa og forsterke lyd – for å kommunisere, og med rituelt føremål. Det kan dreie seg om plassering av hellemaleri og den slags, og om skikkar knytte til klangsteinar og dei underjordiske – heilt fram til vår tid. Kva inneber det at fol…
  continue reading
 
I vårt samfunn er det eit skarpt skil mellom religion og rettssystem. Men vi skal ikkje langt tilbake før vitne skulle sverja ved Bibelen. I førkristen tid var rettsstellet nært kopla til religionen. Lovene var gjevne av nornene, gudane søkte til tings når vanskar oppstod, og fredsavtalar kunne sverjast ved religiøse gjenstandar eller gudane, og de…
  continue reading
 
Håvamål er eit av dei mest kjende eddadikta. Men kva er det for eit dikt? Kor gammalt er det? Er det dikta av éin eller mange? Kva var diktaren eller diktarane ute etter? Kvifor legg han / dei orda i munnen på Odin? Passar levereglane i diktet vår tid? Kor tidleg bør du eigentleg stå opp dersom du skal drepa nokon?…
  continue reading
 
Kva skapningar måtte folk tilpasse livet etter i det førmodernejordbrukssamfunnet? Her ser vi på dette i naturmytiske segner frå ein region på Vestlandet. Det blir tunkallar og huldrefolk, magisk felespel og feite huldrekyr, stålkasting, flatbrødbrenning, pining av spedbarn, sensur, huldreelsk, schizofreni og utruskap, jordmor hos dei underjordiske…
  continue reading
 
Ty blir tradisjonelt oppfatta som gud for himmelen og dagslyset – fordi namnet knyter han til indoeuropeiske himmelgudar og ord for himmel. Men dei norrøne tekstane seier kanskje heller at Ty var krigsgud. Kan begge delar stemme? Ja, det ser ut som krigsgudrolla har samanheng med sola og vårjamdøgn. Vidare skal vi innom solslukande ulvar i eit vêrf…
  continue reading
 
Send us a text Kan et salgsteam jobbe smidig? Ja, faktisk – og med imponerende resultater! I denne episoden møter vi Ole Christian Larsen, salgsdirektør i FINN og Schibsted, som har utfordret tradisjonelle salgsmetoder og innført Scrum og The Finish i salgsteam. Fra å starte som selger på FINN Torget i 2011 til å lede SMB-salget, har Ole Christian …
  continue reading
 
Kva var ein horg i førkristen tid? Vi kjenner ordet frå fjellnamn og gardsnamn kringom i landet, men det var òg ein type kultstad og kultbygning i gammalgermansk religion. Kva det var for noko, har det vist seg vanskeleg å finne ut av. Eg gjev mi forklaring i ei vitskapleg bok som kjem ut no, og her får du høyre kva som står i den. Eg har undersøkt…
  continue reading
 
Kvifor brende folk dei døde gjennom lange periodar av førhistoria? Kan vi forstå meir av det gjennom å studere likbrenning og tankegang rundt det i andre delar av verda i dag? Kva er mest respektfullt – å brenne liket, grava det ned, søkke det ned i vatn, eller leggja det ut til åtselfuglar? Opnar den eine eller andre måten for fleire rituelle og s…
  continue reading
 
I Trøndelag og Nord-Noreg er det mange i dag som kjenner ganding som ei form for trolldom, som særleg blir tilskriven samane. Å gande skal vera heilt abstrakt å kaste vondt over nokon. Då har det endra seg veldig frå gand i mellomalderen, som er dagens tema. Då var ein gand fyrst og fremst ein trolldomsutsending, gjerne i dyreham, som skaffa opplys…
  continue reading
 
Korleis heldt folk styr på klokka før dei hadde klokke? Korleis såg arbeidsdagen ut? Når kom 24-delstimen? Kva rolle spela stjernehimmelen som klokke? Visste folk kor gamle dei var før det fanst prestar som skreiv det opp i kyrkjeboka? Kor langt historieperspektiv hadde folk? Kva er tanken bak dei ulike nemningane vi brukar i omtale av tida? Og – f…
  continue reading
 
I dag har vi ei tidsrekning som er globalt synkronisert på hundredelssekundet, og vi meiner universet er 14 milliardar år gammalt. Men det finst naturfolk som ikkje har tidshorisont på meir enn nokre månader. Korleis var det her i Norden i førkristen tid? Kva slag tidsoppfatning hadde folk? Korleis delte dei inn året, og korleis heldt dei styr på h…
  continue reading
 
I samisk kultur har dei rituelle trommene stått sentralt og hatt stor symbolverdi. Å få konfiskert eller uskadeleggjort dei vart ei hovudsak for misjonærane på 16-1700-talet, og i dag er det krav om å få tilbakeført gamle trommer til samiske miljø. Men korleis vart trommene brukte i den gamle kulturen? Kva rolle spela dei? Og kva opplysningar har v…
  continue reading
 
Biletteppa frå Oseberg-funnet er fascinerande på mange måtar. Det er sprøtt at dei har overlevd i jorda i over 1000 år. Konserverings- og rekonstruksjonsarbeidet er imponerande. Scenane ein har klart å få fram, gjev eit eineståande gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Men det som slår meg mest, er kor tungt vi har for å forstå det vi ser. Det …
  continue reading
 
I eddadiktet Skirnesmål får guden Frøy sjå ei møy heilt borte i jotunheimane. Ho heiter Gerd, og Frøy blir så forelska athan får ein knekk. Han sender tenaren sin, Skirne, for å fri til henne. Skirne lokkar Gerd med makelause skattar, men ho vil ikkje. Han trugar henne med våpen, før han går over til forbanning. Fyrst når han trugar henne med uutha…
  continue reading
 
Stemmer det at det blir mykje snø når det er mykje rognebær? Njä. Mange gamle vêrmerke er vel berre tull og tøys? Ja. Men korleis oppstod ideane då, og korleis kan sånne idear halde seg seigliva inn i vår meteorologiske tid? Det kan nok forklarast ut frå tendensar og behov i menneskepsyken. Og så er det massevis av gamle vêrmerke som er presise og …
  continue reading
 
Korleis skal vi forstå bygdeborgene? Det etablerte synet er at dei er forsvarsanlegg. I episode 60 argumenterte Jan-Henrik Fallgren for at dei er kultanlegg, med utgangspunkt i Öland. Kor godt høver dette på norske forhold? – eller på resten av Sverige? Kvifor heiter bygdeborgene ofte slikt som Tjuvåsen, Røverkollen eller Slottet? Seier dette noko …
  continue reading
 
Gresk-romersk, norrøn og samisk religion reknar vi som etniske religionar. Kva har dei felles? Og på kva måtar skil dei seg frå kristendomen, som erstatta dei? Avstanden er større enn ein skulle tru, på nær sagt alle område, for det dreiar seg om heilt ulike religionstypar.
  continue reading
 
Kva slag rusmiddel brukte folk i Norden i gammal tid? I kva situasjonar brukte dei rusmiddel? Kva samfunnsgrupper var det som brukte rusmiddel? Kvifor brukte folk rusmiddel? I denne episoden prøver vi å svara på desse spørsmåla basert på dei dataa vi har. Episoden er ikkje noko innlegg til støtte for rusmiddel. Stikkord: Øl, mjød, etymologi, honnin…
  continue reading
 
I norrøn mytologi er det ei gruppe på tre kvinner som blir kalla nornene og som representerer fortid, notid og framtid, og som spinn og vev lagnad / skjebne / öde for menneska. Det er i alle fall det vi har lært, det som står i bøkene og på nettet. Grunnlaget er for det synet er dessverre spinkelt når vi sjekkar mot kjeldene. Men nornene er spennan…
  continue reading
 
Korleis heng arkeologiske funn og tekstar saman når det gjeld den eldste historia i Norden? I dag ser vi på tilfelletLejre, som ser ut til å ha vore sete for danske kongar frå folkevandringstida til 900-talet. Kva slag historier kan litteraturen fortelja om denne eldste historia vår? Og korleis oppstod ein stad som Lejre? Kvifor akkurat der? Er det…
  continue reading
 
Korleis fann folk fram dit fisken stod ute i sjøen før i tida? Og korleis fann dei tilbake til ein god fiskeplass? No har vi både ekkolodd og GPS, men før det? Jo, dei utforska landskapet på både land og sjø, og dei krysspeila mot punkt i landskapet. Rundt dette er det mykje artig tradisjon, både om stadnamn og fiskeplassar frå huldrefolket. Andre …
  continue reading
 
Voluspå er den viktigaste kjelda vi har til norrøn mytologi. Mange eddadikt gjev eit vell av viktige opplysningar om mytologien, men berre Voluspå set opplysningane saman til ei kosmisk verdshistorie, frå skapinga av verda i grå fortid til undergangen langt der framme – og heilt til den nye verda atter stig av havet. I denne episoden gjev vi bakgru…
  continue reading
 
Solkulten i det gamle Egypt er godt kjend, med Ra som segla over himmelen om dagen og tilbake gjennom underverda om natta, og tempel der sola skin inn gjennom korridorane til altaret to gonger i året. I Irland og på Orknøyane er det gravhaugar frå steinalderen der sola på vintersolkverv skin heilt inn ein gang til botnen av gravkammeret. Har vi nok…
  continue reading
 
Kva er det som fascinerer oss med historia, fortida, korleis folk levde før, kva dei gjorde, tenkte og trudde i gammal tid? Dagens svar kjem frå ein som jobba som journalist med sånne tema i 20 år. Øyvind Artnsen deler nokre høgdepunkt og tankar frå denne perioden med oss. Innspela på Ås 22.12.2023
  continue reading
 
Mat må vi ha for å leva, og mykje mat får vi fråplantar, både vi og husdyra våre. Men plantar har òg ei rolle i kult, medisin og myte. Korleis dette var i Norden i gammal tid, får du høyre litt om her. Stikkord: Lækjeurter, læknisgras, medisinplante, romarane, krydder, groblad, ryllik, kamille / kamomill, bulmeurt/ villrot / bolmört, ølbrygging, po…
  continue reading
 
Kunne vikingane snakke med folk i landa dei kom til, i vest, sør, aust eller nord? Forstod folk i dei landa nordisk? Kunne vikingane andre språk? Eller var det språk som var gjensidig forståelege? Framstiller litteraturen det kanskje som om språkbarrierar ikkje eksisterte? Andre stikkord: dǫnsk tunga, lingua franca, fransk, latin, frisisk; nordiske…
  continue reading
 
Samane vart offisielt kristna på 16-1700-talet. Men i skjul levde mykje av religionen vidare ei tid, i visse miljø, og visse element i religionen har overlevd til i dag. Det er særleg offertradisjon. Den snakkar vi om i denne episoden, med ein som står i tradisjonen. Stikkord: Sørsamis religion, levande offertradisjon, landskap, offersteinar, heila…
  continue reading
 
Vi har alltid lært at bygdeborgene var forsvarsanlegg som folk i omlandet kunne søke tilflukt i når det kom ufred - så kunne dei forsvara seg der. Men kanskje var det snarare kultanlegg, samlingsstader for byda, litt som kyrkjene i seinare tid? Her får du høyre eit innlegg for det synet. Andre stikkord: Öland, Eketorp, Ismantorp, Skedemosse, Hjerte…
  continue reading
 
Kva er leik? Kva funksjon og meining har leik, i livet og samfunnet vårt? Korleis blir leikar overførde til nye generasjonar? Korleis oppstår leikar? Kor gamle er dei sentrale leikane våre? Kva skilnad er det på barne- og vaksenleik? Finst det leikforsking? Kva seier i så fall den? Og…korleis går det med tradisjonell leik i dag? Innspela på Bygdøy …
  continue reading
 
Hekne-trilogien om liv, kjærleik og tragedie i Gudbrandsdalen gjennom tre hundre år trollbind lesarane og er trykt i store opplag. Men kvifor valde Lars Mytting å bygge denne historia på segner og mytar? – Og kvifor skreiv han nokre av dei sjølv? Kvifor meiner han fortida er viktig? Romantiserer han fortida? Her får du nokre svar. Andre stikkord: S…
  continue reading
 
Draugen er ein dauding som seglar i halv båt og varslar uvêr og forlis, eller han prøver å dra deg uti sjøen når du er i fjæra ved naustet ditt. Skal du skremme han bort, så bruk mainnskit. Korleis har førestillingane om draugen oppstått? Kan det vera fysiske og sosiale fenomen på sjøen som ligg bak? Andre stikkord: Stavkyrkje, ragnarok, dommedag, …
  continue reading
 
Send us a text I denne episoden snakker vi om The Toyota Way, en bok som feirer 20 år i år. Forfatter er Jeffrey K. Liker (professor emeritus ved University of Michigan). Er boka like aktuell i dag som den var for oss på siste halvdel av 2000-tallet? Gjestene i studio er to personer som vi har felles historikk med i FINN fra den gangen. Vi ble alle…
  continue reading
 
Den viktigaste forma for trolldom i norrøn kultur var seid. Med den kunne ein dra til seg personar eller ressursar, ein kunne skaffe opplysningar, eller spå. Seid var helst for kvinner, og det var perverst på ein eller annan måte, særleg dersom menn dreiv med det. Men korleis ein gjorde det, det seier kjeldene ingen ting om. Då må vi gjera nokre uv…
  continue reading
 
Dagens kultur er gjennomsyra av ein gresk-romersk estetikk som kom med kristendomen. Det fanst ein førkristen estetikk som var markant annleis, og den har vi best tilgang til gjennom den norrøneskaldediktinga, som er Nordens mest originale bidrag til verdslitteraturen. Den har eit barokt system av poetiske omskrivingar og eit a-naturalistisk stilid…
  continue reading
 
Kva veit vi om den førkristne religionen til samane? Likna han den norrøne religionen? Tja, han likna på ein del måter, og var ulik påandre måtar, og vi kan sjå at det var kontakt mellom religionane. Kjeldesituasjonen er vanskeleg i begge tilfella, men på ulike måtar. Kanskje er det misvisande å snakke om samisk religion? Innspela i HVLs Medielab 1…
  continue reading
 
Kva slag samlivsproblem hadde folk i vikingtida? Kva råd kunne vi ha gjeve til folk som stod i sånne problem – ut frå normene i dag, og normene den gongen? Kva var for resten normene den gongen, og korleis skilde dei seg frå dagens? Andre stikkord: Kjønnsroller, perversjon, utruskap, blodhemn, ære, status, fredløyse, snikmord, islendingsoger, konge…
  continue reading
 
Over store delar av Nord-Europa har det vore tradisjon for at barn og unge særleg i romjula kler seg ut og går frå hus til hus og gjer spikk og vil ha julemat og drykk. Hos oss no kallar dei fleste dette for å gå julebukk. Men i tradisjonane blir eit slikt følgje òg kalla julesveinar, julegeit og mykje anna, og det er både eit overnaturleg følgje o…
  continue reading
 
Loading …

Hurtigreferanseguide

Copyright 2025 | Personvern | Vilkår for bruk | | opphavsrett
Lytt til dette showet mens du utforsker
Spill