Hovudregelen er innsynsrett, og blir regulert nærare i kapittel 2 i lova. Lova inneheld òg føresegner om unntak frå innsynsretten, noko som betyr at lova òg angjev nærare reglar for når ansvarleg organ kan bandleggje eit dokument frå innsyn. Dette er nærare regulert i kapittel 3 i lova. I tillegg har lova føresegner om saksbehandlinga og om retten til å klage på avgjerder teke med heimel i lova i kapittel 4, til dømes avslag på krav om innsyn. Kapittel 5 består mellom anna av reglar om iverksetjing og overgangsreglar. Ein del utfyllande reglar, mellom anna unntaksreglar, finst dessutan i offentlegforskrifta.
Lova tredde i kraft 1. januar 2009, og avløyser offentleglova frå 1970. Retten til innsyn i saksdokument er eit grunnleggjande demokratisk prinsipp og er i dag solid forankra i lovgjeving og praksis, både nasjonalt og internasjonalt. Denne retten er rekna for å vere så viktig at han i 2004 vart grunnlovfesta i § 100 femte ledd:
Alle har rett til innsyn i dokumenta til staten og kommunane og til å følgje forhandlingane i rettsmøte og folkevalde organ. Det kan i lov setjast grenser for denne retten av omsyn til personvern og av andre tungtvegande grunnar.
Sakshandsaminga ved alle offentlege organ skal vere forankra i skriftleg dokumentasjon. Forvaltningslova 2025 (tidspunkt for ikraftsetting ikkje vedteke) seier at «Saksbehandlingen i forvaltningen skal være skriftlig.» Alle organ som går inn under offentleglova har som allmenn regel plikt etter arkivlova og arkivforskrifta til å journalføre og arkivere alle dokument der det er saksopplysingar, utan omsyn til kva slags form dei har, det vil òg seie e-post, tekstmeldingar og opptak av lyd eller bilete.
Retten til å krevje innsyn i saksdokument i forvaltninga er grunngjeve i tre hovudomsyn: demokratiomsynet, kontrollomsynet og rettstryggleiksomsynet. Til dømes treng journalistar innsyn for å avsløre eventuelle kritikkverdig forhold og halde makthavarar ansvarleg. Ein annan grunn til at innsynsretten er så viktig, er for å skape tillit til forvaltninga og auke kunnskapen i befolkninga om korleis avgjerder i forvaltninga treffast. Openheit skal vidare ta sikte på å hindre maktmisbruk og korrupsjon.
Saksdokument som går inn under denne lova, er dokument som er utferda av organet sjølv, eller som er kome inn til eller blitt lagde fram for eit slikt organ. Omgrepet dokument omfatter «ei logisk avgrensa informasjonsmengd som er lagra på eit medium for seinare lesing, lytting, framsyning, overføring eller liknande» (§ 4), altså uavhengig av korleis denne informasjonen er lagra. Dette omfatter videopptak, film, elektronisk lagra informasjon, e-post, SMS-meldingar og tekst eller bilete lagt ut på sosiale medium, men berre så langt det gjeld verksemda eller ansvarsområdet for organet.
Alle organ som går inn under lova, skal føre journal etter reglane i arkivlova og forskriftene til denne. Journalen er vanlegvis sjølv eit dokument som går inn under reglane om offentleg innsyn, og i praksis den langt viktigaste inngangsportalen for allmenta sitt innsyn.
Det finst likevel ei rekke unntak frå hovudregelen.
Kommentarer (2)
skrev Jarle Pahr
Offentlighetsloven gjelder som det står skrevet for selvstendige rettssubjekter (selskaper, stiftelser, foreninger og lignende) der stat eller kommune har rett til å oppnevne mer enn halvdelen av medlemmene i det øverste styringsorganet, men likevel ikke hvis rettssubjektet som hovedsak driver næringsvirksomhet i konkurranse med og på like vilkår som private (§ 2). Men hva med rettsubjekter (foreninger) der stat eller kommune ikke *oppnevner* medlemmene i det øverste styringsorganet, men *utgjør* det øverste styringsorganet (årsmøtet) i kraft av å være medlemmer, f.eks en forening som har kommuner som medlemmer. Vil offentlighetsloven gjelde for slike foreninger? Skal foreningens styre eller årsmøtet (medlemmene) oppfattes som det øverste styringsorganet i en slik sammenheng, og spiller det noen rolle?
svarte Jan Fridthjof Bernt
Det er ikke tvilsomt at loven også gjelder i slike situasjoner: Medlemmer av det øverste styringsorgan må være fysiske personer. De som møter representerer medlemsorganisasjonene og er da "oppnevnt" av disse. Men jeg innarbeider forslag til tekst som fanger opp dette.
Kommentarer til artikkelen blir synlig for alle. Ikke skriv inn sensitive opplysninger, for eksempel helseopplysninger. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logget inn for å kommentere.