Eg er systemutviklar og KI-rådgjevar med kunnskapsgrafar, semantisk teknologi og generativ KI som spesialfelt.
Til dagleg jobbar eg som konsulent i Bouvet, der eg trivst best i prosjekt der teknologi møter verkelege behov. Ofte handlar jobben min om å finne ut kva data faktisk betyr, korleis dei heng saman, og korleis dei kan brukast betre i produkt, søk, automatisering og avgjerder.
Fagleg er eg særleg interessert i semantisk teknologi: RDF, SPARQL, SHACL og kunnskapsmodellar.
Eg har hatt fleire roller i og rundt utvikling:
- Systemutviklar
- KI-rådgjevar
- Teknologileiar
- Lagleiar
- Kunnskapsingeniør
- Infrastrukturutviklar
På fritida har eg fleire syslar, men den størte er nok lesing. Eg les som oftast i ei bok, og eg skriv om dei på tankehavet mitt.
I tillegg til å lese likar eg å skrive, og eg har fått utgjeve ein trilogi om nokre superheltar som heiter Udugelege heltar.
Om du er nysgjerrig kan du finne ut meir om det meste eg tenkjer og meinar på mastodon. Eg er ikkje å finne på (dei fleste) normale sosiale mediar då eg prøvar å få betre kontroll på kven som har tilgong til data om meg. Skvip.lol er mi eiga mastodon-instans, men eg driftar han ikkje sjølv.
Du kan, enda, finne meg på LinkedIn for å lese meir om karriera mi.
Med venleg helsing frå,
Markus M-G




